Nystølkyrkja
Nystølkyrkja ligg plassert i eit fantastisk fjellområde innanfor Liatoppen og Åsetno. Ål Normisjon er eigar av denne eigedomen som ligg om lag på grensa mellom stølsgrendene Nystølane/Trettestølane og Hellebu. Herfrå er det flott turterreng til alle årstider. Det blir arrangert sportsandakt og gudsteneste i påska og fleire samlingar om sommaren (stemne og gudsteneste).
Det er faktisk mogleg å leige Nystølkyrkja for overnatting. Ta kontakt med Hilde Mari Kolbjørnsgard, tlf. 959 92 763.