Ål Normisjon
 

Her er ein oversikt over kontaktpersonar:

Webansvarleg: Torfinn Slåtto

Husansvarleg: Narve Thorset

Styreleiar: Magne Ilstad

Evjens Minne 80 år


Her er teksten som Narve skreiv for Hallingdølen i oktober 2014:

7. oktober 1934 var det innvielesfest på Evjens Minne. Mange var møtt fram for å sjå dette flotte bedehuset som var bygd på Sundre. Arkitekt Asbjørn Stein hadde teikna huset som var i tre høgder. Kjøkken/kafe i 1., forsamlingssalar i 2. og utleigerom i 3. Bygget var i tre og det var byggmeister Langeland som sette opp bygget.

Under krigen tok tyskarane salane i bruk til fine konsertar for soldatane, men det vart snart frigjeve, og vart då godt nytta til kristeleg verksemd. Kafedrifta var også svært verdifull under krigen, då arbeidsfolk hadde store vanskar med å skaffe seg mat. Det var jamt over 30 faste middagsgjester og kjøkkengjengen gjorde det beste dei kunne for gjestene. Men når krigen var over, minka søknaden. Mange tykte at både kafe og kjøkken var for smått og trongt og lite tiltalande.

Det var no valet om å byggje ut eller legge ned. Saka vart fremja på årsmøtet i 1962. Eit par mann tala i mot, men årsmøtet gjorde vedtak om utbygging og modernisering. Same arkitekt teikna utvidelsen og Ottar Stølen var byggmeister. Nils Veslegard var leiar i Ål Indremisjon og Johs. Brye var leiar i byggenemnda. Tilbygget vart oppført i mur og betong. Aal sparebank dreiv samtidig med sitt bygg og det gjorde grunnarbeidet enklare.  Men dei måtte ta stilling til mange vanskelege spørsmål. Bl.a. om dei skulle grave ut for butikk i kjellarhøgda, finne ei god løysing for trapp gjennom alle høgdene og matheis frå kjøkkenet opp til salane.

Alt fekk den beste løysing og butikken i kjellarhøgda gav gode inntekter til drifta. Den gamle kafeen vart gjort om til stort moderne kjøkken med eigne kjøle/fryserom og den nye kafeen vart lys og triveleg i samsvar med den tids krav. På øvre plan var det bygd utleigerom for betjening, gjester og pensjonistar som leigde fast.

Den siste utbygginga kom i 1978/79. Det var Ingebret Øyre og Eirik Stølen og Lars Ruud som sto for dette byggearbeidet.  Dette siste byggetrinnet gjorde at bygget vart komplett, ved at ein bygde ut ein huk som var att. Dette gjorde at ein fekk eit etterlengta møterom i kafeen, og på forsamlingsplanet fekk ein betre tilkomst til salongen.

I 2008 minka det på oppslutninga og valet om legge ned drifta kom opp påny. Magne Ilstad var ein pådrivar for å fortsette og fekk med seg resten av styret på det.

Huset vart pussa opp både utvendig og innvendig samt at  ein bygde nytt moderne kjøkken på forsamlingsplanet.  I vinter vart tre av romma gjort om til ein liten leilighet.

Til helga feirar vi ein vital og aktiv 80-åring.

 

Narve Thorset



Del Twitter Del på Twitter

Kontakt oss

Her er ein oversikt over kontaktpersonar

Narve Thorset

Magne Ilstad

Torfinn Slåtto



Nyheiter:

 

Spring for livet

 
 

Breiehagens legat

Ål Normisjon forvaltar legat etter Johannes Breiehagen. Les meir om dette.
 
 
Annonse: