Ål Normisjon
 

Her er ein oversikt over kontaktpersonar:

Webansvarleg: Torfinn Slåtto

Husansvarleg: Narve Thorset

Styreleiar: Magne Ilstad

Evjens Minne


I jubileumsskriftet for 100 års jubileet til Ål Indremisjon i 1975 har vi saksa fylgjande:


Grosserar Halgrim Evjen var fødd på Noss 8.12.1849 av foreldra Eirik Halgrimsen og Barbo Arnfinsdtr. Roen.
Han reiste tidleg ut og danna seg i handelsfag, mellom anna i Frankrike. I Drammen dreiv han trelastforretninga Evjen & Co. Her døydde han i 1917.

Den del av testamentet hans (oppretta i 1912) som vedkjem Ål  lyder slik:

"8 – otte prosent anvendes til indremisjonens virksomhet i Ål i Hallingdal efter nærmere bestemmelse av Det Norske Lutherske Indremisjonsselskaps styre, som anmodes om velvilligt at påta sig dette verv. Om ønskes kan endel av dette beløp anvendes til ansettelse av diakonisse og/eller oppførelse av menighetshus. Indremisjonsselskapets styre avgjør hvorvidt det hele beløpskal anvendes med en gang eller først efter hånden. Beløpet kan utbetales indremisjonsselskapets kasserer, når dette styre har påtatt sig dette verv."

Hovedstyre for landsindremisjon valde ein komite til å ordne med denne gåva. Pastor Joh. Wisløff, Kjøpmann Mjelva, Drammen og lærar Sebuseter, Ål.  På fyrste møtet i komiteen hausten 1918 vart vedteke:
1. Å tilsetje sjukesyster for Ål
2. Ein emissær, utdanna ved bibelskulen, blir kalla til å arbeide her.
3. Til ungdom som ville gå kristeleg ungdomsskule skulle delast ut 3 stipend på kr 200,-
4. «For fattig og Rik» skal sendast til dei abonentar som testator har betalt for.
Utanom dette har det av rentene vore nytta til støtte av sundagsskulane, kristelege boksamlingar, yngresarbeid og bygging og vøling av bedehus.

Vi har stor takksemd til Halgrim Evjen som gav pengane til å bygge Evjens Minne. Og takksame til dei menn som sette i gang dette stor arbeidet i rette tid og for den gode planløysinga. Jon Tveitehaugen var formann i byggenemnda. Huset vart innvigd  i oktober 1934 og har vore i full drift i alle desse åra.

Under krigen tok tyskarane salane i bruk til fine konsertar for sine soldatar, men det vart snart frigitt og vart då godt nytta til kristeleg verksemd.

Pastor Mjåvatn arrangerte faste møter for ungdomen, den tid det var lite å vera med på elles. Desse program samla sprengfulle salar. Kafedrifta vart også svært verdfull under krigen, då arbeidsfolk hadde store vanskar med å skaffe mat. Det var jamt over minst 30 faste middagsgjester og dei dugande kjøkkenjentene gjorde alt det beste for gjestene.  Men når krigen var over og alt kom i sitt faste gjenge, minka søknaden. Mange tykte at både kafe og kjøkken var for smått og trangt og lite tiltalande.  Søknaden vart minimal.

Det vart no valget mellom å bygge ut eller legge ned kafedrifta. Saka var framme på årsmøtet i 1962. Eit par mann tala i mot, men årsmøtet gjorde vedtak om å setje i gang utbetring og modernisering. Det var arkitekt Asbjørn Stein som laga utkast som vart godtatt. (Han var son til han som teikna Evjens Minne).

Av di at no Aal Sparebank dreiv med sitt storbygg, var det lettare å få grave ut tomtaheilt inn til bankbygget. Ottar Stølen var entreprenør, Nils Veslegard formann i Ål Indremisjon og Johs. Brye formann i byggenemnda. Det vart ei bygging under store kampar og vanskar og mange problem. Ikkje minst finansielle vanskar. Det var tre vanskelege problem som kravde ei viktig avgjerd.
1. Utgraving og bygging av butikk til utleige i kjellarhøgda.
2. Finne den beste løysinga for trappeoppgangen gjennom alle høgder i det nye bygget.
3. Matheis frå kjøkkenet opp til salane.
Alt dette fekk den beste løysing. Butikken gjev god innkome til drifta. Den gamle kafeen vart gjort om til til stort moderne kjøkken med kjøle- og fryserom og fyrsteklasses maskiner. Kafeteriaen er romsleg, lys og tiltalande. Salongen likeeins og 10 rom i øverste høgda til bruk for betjening, gjester og faste pensjonistar.

Den kristelege verksemda har halde fram med bl.a mange store møteseriar med nokon av dei fremste talarane i landet. Og den gode ånd som rår på møtene og i den daglege drift på kjøkken og kafeteria, kan vi takke  både Gud og mennesker for. Fleire har vore styrarar etter utvidinga. Dei siste åra har Guri Jordheim vore tilsett i stillinga og fylt plassen på ein ypperleg måte.

So langt jubileumsskriftet.

 

 

 

 

I 1979 vart det vedteke å bygge nytt tilbygg for å fylle ut den huken som var att mot norvest. Arkitekt Stein teikna og Sigmund Øyre, Eirik Stølen og Lars Ruud bygde. Kafeen fekk møterom og salane fekk tilkobling til resten av spisesalen. Torleiv Uppsata var leiar i byggenemnda. Solveig Iversen var styrar. Den tida var det faste alderspensjonærar som leigde seg rom  på EM, og desse vart servert mat der der som det nye kjøkkenet no er.

Utover på 1990-talet gjekk det dårlegare med drifta og kafèdrifta vart lagt ned i 1996. Etter dette er kafèlokala leigd ut til ulike andre serveringsbedrifter.

Sidan 2008 er det gjennomført til dels store forbetringar av bygningen. Vi kan nemne nytt kjøkken og golv, måling av nesten alle overflater, lydanlegg, brannalarmanlegg og nye sofagrupper.
 



Del Twitter Del på Twitter

Kontakt oss

Her er ein oversikt over kontaktpersonar

Narve Thorset

Magne Ilstad

Torfinn Slåtto



Nyheiter:

 

Spring for livet

 
 

Breiehagens legat

Ål Normisjon forvaltar legat etter Johannes Breiehagen. Les meir om dette.
 
 
Annonse: