Ål Normisjon
 

Her er ein oversikt over kontaktpersonar:

Webansvarleg: Torfinn Slåtto

Husansvarleg: Narve Thorset

Styreleiar: Magne Ilstad

 

Adressa til Evjens Minne er Torget 4, 3570 ÅL

 
22
SEPT
fra 22.09 til 08.09 Seminar

Den norske Israelsmisjon

FØRST- seminaret i Ål  22. september er eitt av omlag 40 liknande  seminar som Den Norske Israelsmisjon ( DNI) gjev rundt om i landet denne hausten. I Ål blir det eit samarbeid med Normisjon, og arrangementet vil vera på Evjens Minne kl 18 - 21.

Det vert ikkje seminaravgift, men høve til å gje kollekt til DNI denne kvelden. Dette for å dekkje utgifter knyta til arrangementet.

Lektor og tidlegare leiar for krinsen Telemark Vestfold og Buskerud av Den Norske Israelsmisjon, Bjørn Lauritzen vil ha  temaformuleringa "Planen og oppdraget- til Folket og folkeslaga" . 

Den Norske Israelsmisjon ( www.israelsmisjonen.no) har sidan 1844 hatt fokus på å nå ut til det jødiske folket i verda  med sanninga om at Jesus frå Nasaret er både jødane og folkeslaga sin Messias og frelsar. DNI vil og gjerne målbere  auka kompetanse  om spørsmål som omhandlar antisemittisme, misjonsteologi og Den store Forteljinga vi finn frå Adam i første Mosebok til Åpenberingsboka i Bibelen.  Tidelgare misjonssekretær i DNI, Morten Kravik vil og medverke på seminarkvelden med informasjon og song mellom anna frå den messianske rørsla ( Jesustruande jødar) sin songskatt. Det vil vere høve til å sjå på og kjøpe hudpleieprodukt frå den ambulerande misjonsbutikken TABITA.

Morten Kravik har gjesta Øvre Hallingdal ved mange høve og ser fram til å kunne vere med på FØRST-seminaret denne onsdagskvelden. Mange i Hallingdal har  lange og gode tradisjonar  med å stå med i misjonsarbeidet i høve til Det jødiske folket både i Aust-Europa og Israel.

Vi trur at FØRST-seminaret i Ål vil bli både inspirerande og lærerikt og at mange vert med denne kvelden (sjå nærare annonsering 18.09 i Hallingdølen).

Den Norske Israelsmisjon v/ Morten Kravik.



Del på Facebook Del Twitter Del på Twitter

Kva skjer i Ål Normisjon

 
22
 
kl: 18:00

Den norske Israelsmisjon

Seminar

 
26
 
kl: 19:00

Sundagsmøte

med Arne Lie

 
30
 
kl: 17:00

KIckoff m/Svein Tony

Kickoff for nytt semester. Regionrådsleder Svein Tony Gårdsø med stab kommer.

- Enkel middag ( Påmelding til tlf: 97629750)

- Tema: Normisjon i 2021

- Andakt

 
15
 
kl: 19:30

Misjonskveld

 
24
 
kl: 19:00

Sundagsmøte

med Toril Sønsteby og Margrete Berg

 
20
 
kl: 09:00

Privat arrangement

 
21
 
kl: 19:00

Sundagsmøte

med Guri Ekse og Sigrun Kaslegard

 
23
 
kl: 11:30

Galleri Normisjon

Årsmøte og fest

 
04
 
kl: 12:00

Privat arrangement

 
12
 
kl: 19:00

Sundagsmøte

med Vigdis Moen Storhaug

 
14
 
kl: 15:00

Privat arrangement

 
15
 
kl: 09:00

Privat arrangement

 
03
 
kl: 09:00

Privat arrangement

 
04
 
kl: 09:00

Privat arrangement

 
05
 
kl: 09:00

Privat arrangement


Bruk denne linken for å abonnerer på Ål Normisjon sin kalender i ditt kalenderprogram.
Vis alle
 
Annonse: